Register Here to Apply for Jobs or Post Jobs. X

Stipendiat miljøtoksikologi

Job in Bergen - Norway
Note that applications are not being accepted from your jurisdiction for this job currently via this jobsite. Candidate preferences are the decision of the Employer or Recruiting Agent, and are controlled by them alone.
For jobs on this site that accept applications from your location / country,
Company: NAVVIS
Full Time position
Listed on 2019-12-02
Job specializations:
  • Freelance
    Freelance IT, Freelance Web Design, Freelance Product Tester
  • Training
Job Description & How to Apply Below
Position: Stipendiat i miljøtoksikologi

Jobbnorge ID: 179111

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video:

Stipendiat

Ved er det ledig ei stilling som stipendiat i miljøtoksikologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til universitetet si marine satsing og vil ha som mål å auke forståinga av påverknaden av mikroplast på kystnære økosystem. Hovudfokuset i prosjektet ligg i å utforske førekomst og effektar av mikroplast på indikatororganismar i kystsonen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • feltarbeid (innsamling av organismar, vatn og sedimentprøver) og laboratoriearbeid (eksponeringsstudiar i akvarier)
  • toksikologiske analysar av respons i organismen på gen, protein eller cellenivå
  • analysar av mikroplast (i samarbeid med Havforskingsinstituttet)
  • analysar av data og presentasjon av resultat
  • stipendiaten sine endelege arbeidsoppgåver vil bli avtalt på grunnlag av kandidaten sin bakgrunn og forskingsinteresser saman med rettleiarane
  • Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i miljøtoksikologi, biologi, molekylærbiologi eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå relevante felt- og/eller labmetodar er eit krav
  • Erfaring frå arbeid med mikroplast er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

    For stillinga gjeldt følgande:

    Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

    Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

    Om forskarutdanningaS om stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein å 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.

    Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

    Generell informasjon

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Odd André Karlsen, Institutt for biovitskap, @, tlf. 55 58 46 51.

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Nærare om tilsettingsprosessen .

    Livet som

    Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som

    Video: &list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

    Se annonsen og søk på stillingen

    Position Requirements
    Less than 1 Year work experience
    Note that applications are not being accepted from your jurisdiction for this job currently via this jobsite. Candidate preferences are the decision of the Employer or Recruiting Agent, and are controlled by them alone.
    For jobs on this site that accept applications from your location / country,
    Search for further Jobs Here:
    (Enter less keywords for more results. Suggestions may be selected)
    Location
    Employment Category
    Education (minimum level)
    Filters
    Education Level
    Experience Level (years)
    Posted in last:
    LOGIN Area - Jobsite