Register Here to Apply for Jobs or Post Jobs. X
This job posting has recently Expired. To Search for similar jobs in your location or state, Search Here.

Kommunikasjonsrådgivar

Job in Oslo - Norway
Company: NAVVIS
Full Time position
This Job Posting has Expired
Job specializations:
  • Training
  • Web Design
Job Description & How to Apply Below

Jobbnorge ID: 179561

Om kommunikasjonseininga

Kommunikasjonseininga har ansvaret for departementet sin kommunikasjonsstrategi, informasjonstiltak og all mediehandtering. Eininga gir råd til politisk leiing i kommunikasjonsspørsmål og arbeider tett med politisk leiing og fagavdelingane i departementet. Kommunikasjonseininga har elleve tilsette.

Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.

Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.

Kommunikasjonsrådgivar

Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar til eit vikariat fra 04.03.2020 til 04.09.2020.

Som kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker difor etter ein samfunnsengasjert medarbeidar med god rolleforståing og god kjennskap til aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.

Arbeidsoppgåver

  • Pressekontakt og medierådgiving (inngå i pressevaktordninga)
  • Ansvar for eit fagområde (omsorgstenesteavdelinga)
  • Førebu og følgje statsrådane på reiser
  • Skrive og bearbeide tekstar som talepunkt, innlegg og pressemeldingar
  • Lage innhald til regjeringen.no og sosiale medier (tekst, bilete og video)
  • Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, helst medie- og/eller kommunikasjonsfagleg (relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanning)
  • Du skriv forståeleg og godt
  • Du forstår samspelet mellom politikk, embetsverk og media godt
  • Du bør ha erfaring som journalist og/eller kommunikasjonsrådgivar og pressekontakt
  • Du ser kva situasjonar som eignar seg på bilete og film - og greier å fange dei!
  • Kjennskap til departementet sine fagområde
  • Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på
  • Personlege eigenskapar

  • Idérik og initiativrik
  • Arbeider godt under press
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • God vurderingsevne og van til å handle raskt når det er nødvendig
  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner
  • Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Lyse kontorlandskap midt i sentrum (regjeringskvartalet)
  • Den som blir tilsett, må kunne verte sikkerhetsklarert.

    Løn:

    Lønnsspenn seniorrådgivar: kr 600.000-700.000

    Vil du vite meir?

    Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

    Kommunikasjonsdirektør Mona S. Higraff

    Mobil 920 57 650

    E-post: (Please contact us using the "Apply for this Job Posting" box below)

    Slik søkjer du

    Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" øvst på sida til JobbNorge.no.

    Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

    Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

    Unntak fra offentlig søkerliste

    I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

    Se annonsen og søk på stillingen

    Position Requirements
    Less than 1 Year work experience
    Search for further Jobs Here:
    (Enter less keywords for more results. Suggestions may be selected)
    Location
    Employment Category
    Education (minimum level)
    Filters
    Education Level
    Experience Level (years)
    Posted in last:
    LOGIN Area - Jobsite