Seksjonsleiar
-
Trades / Skilled Labor
-
Outdoor/Nature/Animal Care
Job Description & How to Apply Below
Vi søkjer ny leiar for Seksjon for kompetanseutvikling
Som seksjonsleiar bidreg du til at sjukehuset til kvar tid har tilstrekkeleg og rett kompetanse til å løyse samfunnsoppdraget. Du får ei sentral rolle i å skape gode rammevilkår for utdanning og opplæring ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.
Seksjon for kompetanseutvikling er ei av fem einingar i Forskings- og utviklingsavdelinga, som støttar opp under kjerneverksemda i sjukehuset. Internt har seksjonen eit utstrekt samarbeid med dei kliniske einingane, andre stabseiningar og dei andre einingane i avdelinga. Eksternt har seksjonen eit godt samarbeid med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og dei andre sjukehusa i regionen. Seksjonen har rundt 30 medarbeidarar med høg og differensiert kompetanse og bakgrunn frå mellom anna medisin og helsefag.
Hovudarbeidsområda er å planleggje, gjennomføre, evaluere og forbetre kompetanseutviklingstiltak. Innan utdanning har seksjonen ansvar for rekruttering og oppfølging av lærlingar, rekruttering og administrativ oppfølging av studentar til vidareutdanning innan sjukepleiefag og overordna fagleg tilrettelegging for legar i spesialisering del 1. Seksjonen støttar òg sjukehuset i samarbeidet og samhandlinga med universitet og høgskular om praksisutdanningane innan medisin og helsefag og i tilrettelegginga for klinisk praksis i sjukehuset.
Seksjonen har systemansvar for Læringsportalen og Kompetanseportalen og driftar Senter for simulering og ferdigheitstrening og Lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset. I tillegg er seksjonen ofte involvert i lokale og regionale prosjekt og program som skal støtte kompetanseutvikling. Seksjonen har fleire faste regionale oppgåver, mellom anna ansvar for Regionalt utdanningssenter for legar (Reg Ut) og sekretariatet for regionalt samarbeidsorgan for utdanning.
Som seksjonsleiar er du medlem av leiargruppa i Forskings- og utviklingsavdelinga og rapporterer til fagdirektør. Du deltek aktivt i leiargruppa og bidreg til at heile avdelinga lukkast. Du er ein pådrivar for gode rammevilkår for utdannings- og opplæringsaktivitetar i sjukehuset og elles i Helse Vest. I samhandlinga med klinikkane er du open, lyttande og serviceinnstilt. Overfor eksterne samarbeidspartar representerer du sjukehuset på ein synleg og konstruktiv måte.
Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar med genuin interesse for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling. Du held oversikt og set mål og delmål. Gjennom dialog støttar du prioriteringar, samhandling og effektive arbeidsformer som gjer at vi når måla. Engasjementet ditt er retta mot å leggje til rette for kompetanseutvikling til beste for pasientbehandlinga ved Haukeland universitetssjukehus og sjukehusa i Helse Vest.
- Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og verktøy for å understøtte utdanning, opplæring og kompetanseutvikling
- Delta i leiinga av Forskings- og utviklingsavdelinga
- Høgare medisinsk/helsefagleg eller anna relevant utdanning på masternivå
- Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskeleg
- Leiarkompetanse og erfaring frå personalleiing
- Erfaring frå strategi- og forbetringsarbeid og tverrfagleg prosjektarbeid
- Kjennskap til arbeidsområda i seksjonen
- God innsikt i utviklingstrekk innan helsetenesta og i utdanningsområdet
- Synleg, involverande og motiverande leiar som set tydeleg retning for samfunnsoppdraget
- Kommuniserer godt munnleg og skriftleg og bidreg til engasjement, samhandling og samarbeid
- Arbeider planmessig og målretta og har god gjennomføringskraft
- Er open for endringar og finn fleksible og innovative løysingar på tvers av fag, einingar og institusjonar
- Ei utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag
- Ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på (Use the "Apply for this Job" box below). eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
View / Apply for Jobs
Matching My Jurisdiction