Opplæringskonsulent Stiftelsen Vestfag Opplæringskontor
Listed on 2026-01-11
-
Design & Architecture
Creative Design / Digital Art, Digital Media / Production, Graphic Designer
Stiftelsen Vestfag Opplæringskontor er inne i ei spennande utvikling og søkjer no ein opplæringskonsulent med base i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
. Stillinga er ny og inngår i ei vidare styrking av oppfølginga av lærlingar og lærebedrifter i regionen.
Som opplæringskonsulent får du ei sentral rolle i fagopplæringa og blir ein viktig støttespelar for både lærlingar, bedrifter og samarbeidspartnarar. Du vil arbeide tett på fagmiljøa i regionen og bidra til god kvalitet, gjennomføring og rekruttering i yrkesfaga.
Rolla passar for deg som trivst med ein variert arbeidskvardag, mykje kontakt med menneske og som ønskjer å gjere ein reell forskjell for unge og vaksne i fagopplæring.
Som opplæringskonsulent vil du mellom anna arbeide med:
Oppfølging av lærlingar og lærebedrifter gjennom heile læretida
Rettleiing av instruktørar og faglege leiarar i medlemsbedriftene
Planlegging og gjennomføring av kurs, samlingar og fagleg opplæring
Bidrag i rekruttering av nye lærlingar og lærebedrifter
Vere ein fagleg og pedagogisk ressurs for regionen du har ansvar for
Stillinga inneber noko reiseverksemd, og du må rekne med å arbeide sjølvstendig i store delar av kvardagen.
Vi søkjer deg som har:
Erfaring frå opplæring, rettleiing, instruksjon eller undervisning er ein fordel
Pedagogisk kompetanse er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Strukturert arbeidsform og evne til å følgje opp fleire prosessar samtidig
Erfaring frå opplæringskontor, skule, rådgjeving eller HR er ein fordel, men vi legg stor vekt på personleg eignaheit og motivasjon
.
👉 Vi oppmodar særleg kvinner til å søkje stillinga.
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Moglegheit til å påverke og vidareutvikle fagopplæringa i regionen
Eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og stort samfunnsengasjement
Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar
Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
Vi samarbeider med over 60 medlemsbedrifter og følgjer opp lærlingar, instruktørar og skular for å sikre høg kvalitet i fagopplæringa. Vestfag er ein liten, men svært engasjert organisasjon med sterk fagleg stoltheit, tett knytt til bransjen gjennom NHO og VBL.
#J-18808-Ljbffr(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).