Skip to content
×

Fast stilling som provisorfarmasøyt ved Radiologisk avdeling, Senter nukleærmedisin og PET

Job in Trenton, Mercer County, New Jersey, 08601, USA
Listing for: Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling
Full Time position Listed on 2026-11-27
Job specializations:
Salary/Wage Range or Industry Benchmark: 90000 - 130000 USD Yearly USD 90000.00 130000.00 YEAR

Job Description & How to Apply Below

Position: Fast stilling som provisorfarmasøyt ved Radiologisk avdeling, Senter for nukleærmedisin og PET

Senter for nukleærmedisin/PET er eit av dei største nukleærmedisinske sentera i landet med om lag 45 medarbeidarar fordelt på ulike yrkesgrupper. Vi utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke, og har i tillegg enkelte regionale og landsdekkande funksjonar.

Senteret har ein eigen legemiddelproduksjon for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi. Her produserer vi ei rekkje radiofarmaka til bruk innan nukleærmedisinsk diagnostikk og forsking, mellom anna [18F]FDG, [18F]PSMA-1007, [18F]FLT, [18F]FDOPA, [18F]FMISO og [13N]Ammoniakk. Senteret har to PET/CT-maskiner (Biograph Vision og Quadra), ein PET/MR (Biograph One), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ein ultralyd-lab (Canon).

Vi søkjer no ein engasjert farmasøyt som ønskjer å arbeide med kvalitetssikring og regulatorisk oppfølging av radiofarmakaproduksjon. Stillinga vil vere tilknytt legemiddelverksemda ved senteret og innebere tett samarbeid med farmasøyt, kjemikarar, fysikarar og anna personell involvert i produksjon og kvalitetskontroll av radiofarmaka. Det er også tett samarbeid mellom personar tilknytt legemiddelproduksjon og klinisk personell på senteret.

Den som blir tilsett vil få ei sentral rolle i vidareutvikling av kvalitetssystemet ved verksemda. Det er eit mål at kandidaten på sikt skal kvalifiserast for oppgåver knytt til rolla som Qualified Person (QP).

Som ein del av legemiddelgruppa vil du arbeide i skjeringspunktet mellom legemiddelproduksjon, kvalitetssystem og pasientbehandling.

  • Kvalitetssikring (QA):
    Bidra til drift, vedlikehald og kontinuerleg forbetring av det farmasøytiske kvalitetssystemet i samsvar med GMP-krav
  • Dokumentasjon og kvalitetsoppfølging:
    Handtere avvik, endringskontrollar, risikovurderingar, CAPA og anna GMP-relatert dokumentasjon
  • Inspeksjonar og myndigheitskontakt:
    Delta i førebuing og oppfølging av inspeksjonar frå Direktoratet for medisinske produkt (DMP) og andre relevante myndigheiter

For kandidatar med interesse for det kan stillinga òg omfatte oppgåver innan GDP (Good Distribution Practice), eller bidrag til forsking og utviklingsprosjekt ved senteret.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som trivst med kvalitetsarbeid, regelverk og tverrfagleg samarbeid i eit høgteknologisk miljø.

Utdanning :
Mastergrad i farmasi (provisorfarmasøyt) med norsk autorisasjon
Erfaring :
Erfaring frå legemiddelproduksjon, kvalitetssikring (QA), kvalitetskontroll (QC) eller anna GMP-regulert verksemd er ønskjeleg
Regelverk :
Kjennskap til GMP er ein fordel. Erfaring med GDP, GVP eller farmasøytisk kvalitetssystem vil bli vektlagt
QP-kompetanse :
Kvalifikasjonar for eller interesse for å utviklast mot rolle som Qualified Person (QP) er ønskjeleg
Språk :
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Søkjarar må kunne dokumentere norskkunnskapar tilsvarande Bergenstesten (C1)

Personlege eigenskapar
  • Du ønskjer å utvikle deg innan farmasøytisk kvalitetssikring og regulatoriske oppgåver
  • Ei sentral rolle i eit av Noregs leiande fagmiljø innan radiofarmasi og nukleærmedisin
  • Moglegheit til å utvikle kompetanse mot framtidig rolle som Qualified Person (QP)
  • Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse innan radiofarmasi, radiokjemi, medisinsk fysikk og nukleærmedisin
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar etter gjeldande avtaleverk

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på (Use the "Apply for this Job" box below). eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

To View & Apply for jobs on this site that accept applications from your location or country, tap the button below to make a Search.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
View / Apply for Jobs
Matching My Jurisdiction

Search for further Jobs Here:

SEARCH JOBS: 10+ Million Listings
(Try combinations for better Results! Or enter less keywords for broader Results)
Language of Job Posting:
Education Level
Experience Level (years)
Posted in last:
Salary