Lærling/kadett
Listed on 2026-10-14
-
IT/Tech
IT Support, IT Specialist
Du kan vere trygg på at du får den beste kompetansen og springbrettet for vidare karriereløp gjennom læretida i Fjord
1.
Som lærling eller kadett deltek du i svært mange ulike oppgåver om bord, og sikrar på denne måten hands-on erfaring og kunnskap om sjøfart.
Dei viktigaste kvalitetane du må ha som lærling eller kadett er nysgjerrigheit og vilje til å lære. Du er ansvarleg og punktleg, oppteken av for å følgje sikkerheitsprosedyrar, arbeider godt som ein del av eit team, og kan kommunisere tydeleg med mannskap og passasjerar.
Du må evne å handtere tekniske utfordringar, samtidig som du må kunne utføre oppgåver under oppsyn. Det er viktig med ei grunnleggande interesse for maritim drift og sjøfart for å tileigne seg mest mogleg kunnskap og erfaring i læretida/kadett-tid om bord.
Du vil bli ein viktig ressurs hos oss, der du vert inkludert i mange arbeidsoppgåver som vi meiner skal gje deg ei variert læretid der du får testa deg sjølv og eigne kunnskapar.
Vi har eit godt samarbeid med opplæringskontora og du blir fylgt tett opp.
Som lærling eller kadett hos oss får du ein unik sjanse til å kombinere lidenskap for sjøen med praktisk erfaring og fagleg kunnskap. Innan dei maritime faga kan du ta læretid som matros eller skipsmotormekaniker (motormann).
Bli med oss på reisa. Søk i dag via Maritimt opplæringskontor og ta det første steget mot ei maritim karriere!
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).