Lærling og kadett
Listed on 2026-10-14
-
IT/Tech
IT Support, IT Specialist, Digital Media & Production
Som lærling eller kadett deltek du i svært mange ulike oppgåver om bord, og sikrar på denne måten hands-on erfaring og kunnskap om sjøfart.
Dei viktigaste kvalitetane du må ha er nysgjerrigheit og vilje til å lære. Du er ansvarleg og punktleg, og oppteken av for å følgje sikkerheitsprosedyrar, arbeider godt som ein del av eit team, og kan kommunisere tydeleg med mannskap og passasjerar.
Du må evne å handtere tekniske utfordringar, samtidig som du må kunne utføre oppgåver under oppsyn. Det er viktig med ei grunnleggande interesse for maritim drift og sjøfart for å tileigne seg mest mogleg kunnskap og erfaring i læretida/kadett-tid om bord.
Som lærling eller kadett er du ein viktig ressurs hos oss. Du vert inkludert i mange arbeidsoppgåver om bord, som vi ønskjer skal gje ei variert læretid der du får testa deg sjølv og eigne kunnskapar. Vi har eit godt samarbeid med opplæringskontora, og du blir fylgt tett opp.
Hos oss får du ein unik sjanse til å kombinere lidenskap for sjøen med praktisk erfaring og fagleg kunnskap. Innan dei maritime faga kan du ta læretid som matros eller skipsmotormekaniker (motormann).
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).