Read article "Norkyrkja Førde søker pastor stilling
Listed on 2026-10-14
-
Outdoor/Nature/Animal Care
Location: Town of Norway
Norkyrkja Førde søker pastor i 50% stilling
Norkyrkja Førde søker:
Pastor i 50% stilling, med moglegheit for meir.
Er du ein varm og tydeleg leiar med hjarte for forkynning, fellesskap og lokal menighetsbygging? Norkyrkja Førde er ei levande forsamling med røter tilbake til 1880-talet. No ser vi etter ein pastor som vil vere med på å videreutvikle arbeidet vårt.
Om Norkyrkja Førde:
Norkyrkja Førde er tilknytt Normisjon og blei etablert som sjølvstendig menighet i 2020. Vi har base i bedehuset i Førde sentrum og samlar rundt 40-50 personar til gudsteneste annankvar søndag. Menigheita er ein god miks av ulike aldersgrupper og opplev for tida vekst og utvikling. Normisjon er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med arbeid i 12 regionar i Noreg og i 13 land internasjonalt.
- Vi ønsker ein pastor som kan vere med på å bygge fellesskap med tydeleg forkynning, varme relasjonar og engasjement for å nå nye med evangeliet.
- Erfaring frå menighetsarbeid
Å bu og arbeide i Sunnfjord gir tilgang til noko av den vakraste naturen i landet. Regionen byr på djupe fjordar, mektige fjell og brear, fossar og frodige dalar – perfekte omgjevnader for turar, ski, båtliv og rekreasjon året rundt. Friluftsliv er ein naturleg del av kvardagen her, og mange opplev at det gir både kvile og inspirasjon i ei travel tid.
Stillinga lønnast i henhold til Normisjons lønnsregulativ. Normisjon region Sogn og Fjordane har det formelle arbeidsgjevaransvaret for stillinga. Stillinga vil innebere ein del kveld- og helgearbeid.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).