Vitskapeleg assistent
Listed on 2026-10-03
-
Outdoor/Nature/Animal Care
Veterinary
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er lokalisert ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen. Senteret er eit nasjonalt fagmiljø for maritim medisin og dykkemedisin. Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for yrkesmedisinsk utreiing av yrkesdykkarar og akutthyperbar oksygenbehandling av m.a. dykkarar med trykkfallssjuke. Avdelinga arrangerer også seleksjonsmedisinske kurs for dykkarlegar og har fleire aktive forskingsprosjekt.
Senteret søker etter ein engasjert og dyktig kandidat til å delta i eit spennande forskingsprosjekt på adaptive og patologiske responsar ved yrkesdykking.
Stillinga er del av eit større prosjektsamarbeid mellom fleire offshore industripartnarar og Haukeland universitetssjukehus. I tillegg samarbeider vi med fleire andre forskingsmiljø i Noreg og utlandet. Målet med prosjektet er å forstå korleis kroppen tilpassar seg omgjevnadane under yrkesdykking og kva som skjer når denne tilpassinga sviktar. I prosjektet er det omfattande analysar av blod og urinprøvar frå dykkarar og frå laboratorieforsøk.
Det er mogleg å lese meir utfyllande informasjon om prosjektet på nettsida til senteret: .no
Stillinga er eit kortidsengasjement og det vil difor bli vektlagt praktisk erfaring med følgande metodar:
- Analysar av signalprosessar og funksjonell studie av blodplater under hyperbare eksponeringar.
- Innsamling og analyse av biologiske prøvar frå dykkarar.
Vi søkjer etter kandidatar med følgjande kvalifikasjonar:
- Norsk mastergrad innan molekylærbiologi eller tilsvarande relevant fagområde er eit krav
- Praktisk erfaring med isolering av blodplater, funksjonelle målingar av platerespons og monitorering av syklisk nukleotidsignalisering i blodplater er av interesse
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på (Use the "Apply for this Job" box below). eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspelege mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).