Sesongmannskap til turistruta på Geirangerfjorden
Listed on 2026-02-12
-
Engineering
Drøymer du om ein jobb til sjøs i Noregs vakraste fjord? No har du sjansen!
Vi søkjer overstyrmenn, maskinsjefar, matrosar og cateringmedarbeidarar til fartøya MF Bolsøy og MF Veøy. Ferjene trafikkerer den storslåtte Geirangerfjorden – ein verdsarvfjord kjend for majestetiske fjell og imponerande fossefall.
Behovet er i perioden
1. april til 31. oktober, med turnusordning på 2 veker i arbeid og 2 veker fri - perfekt for deg som ønskjer ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi ser etter deg som kan jobbe delar av eller heile perioden – oppgjev i søknaden når du ønskjer å arbeide.
Som ein del av mannskapet har du ei nøkkelrolle i å sikre trygg og profesjonell drift – samtidig som du bidreg til å skape minneverdige opplevingar for reisande frå heile verda.
Her får du ein sesongjobb som kombinerer faglege utfordringar, varierte arbeidsoppgåver, naturopplevingar i verdsklasse og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Etter endt engasjement har du moglegheit til å søkje fast stilling - vi har fleire spennande behov og karrieremoglegheiter på andre samband og fartøy.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Søknadsfrist:
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.
Kvalifikasjonar Personlege eigenskapar- Fokus på gode kundeopplevingar
- Fordel å beherske engelsk språk
- Ein bur om bord i arbeidsperioden
- Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
#J-18808-Ljbffr(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).