Stipendiat KI-etikk med fokus på menneske-KI-konstellasjonar ved AI
Listed on 2026-09-12
-
Business
IT Specialist
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
StipendiatVi ønsker deg velkommen som søker til ein ledig stilling som stipendiat i KI-etikk med fokus på menneske–KI-konstellasjonar ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er ein åremålsstilling på tre år, knytt til AI LEARN-senteret, og er finansiert av Norges forskringsråd.
Om AI LEARNAI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging.
AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Omprosjektet/arbeidsoppgåver:
Om prosjektet
Stillinga er knytt til senterklynga Governance, Ethics & Regulation og gir moglegheit til å bidra til med forsking i skjeringspunktet mellom rekonfigurasjonar, praksisar, nettverk og/eller samarbeid mellom menneske og teknologiog utforskar ulike menneske–KI-konstellasjonar med fokus på demokratisk deltaking, etikk og menneskerar.
Ph.d.
-rettleiar vil være postdoktor Anja Salzmann, Universitetet i Bergen (UiB) og medrettleiar Prof. Wayne Holmes ved University College London, UCL.
Arbeidsstaden er Bergen, Norge.
Arbeidsoppgåver
- Undersøke og utforske etiske problemstillingar(for eks. sosial rettferd, menneskeverd "human dignity", menneskeleg handlingsrom , "human agency)" eller menneskeleg utvikling ("human flourishing") i samanheng eller kontekst av politiske, økonomiske, sosiale, kulturelle eller miljømessige rammer, verkingar og konsekvensar av KI, inkludert, men ikkje begrensa til, generativ KI i ulike læringskontekster, for eksempel grunnskole og vidaregåande opplæring, uformelle/formelle læringskontekster, yrkesopplæring eller vidareutdanning.
- Gjennomføre kvalitativ empirisk forsking forankra i relevant teori for å bidra til å utvikle etiske rammer som kan informere politikk og kompetanseheving i vidareutdanning, yrkesopplæring, læreplanutvikling og også pedagogikk i spesifikke læringskontekster.
- Delta aktivt i aktivitetane til AI LEARN og bidra til senterets faglege og sosiale liv
Du må:
- ha relevant mastergrad innan eit eller fleire av følgande fagfelt: samfunnsvitskap, utdanningsvitskap/pedagogikk, vitskaps- og teknologistudiar (STS) filosofi eller andre relevante fagfelt på søknadstidspunktet
- kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
- ha svært gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Det er en fordel dersom du:
- har dokumentert interesse for etiske problemstillingar knytt til KI i læringskontekster
Det er normalt eit krav om karakteren B eller betre på masteroppgåva, evt. som gjennomsnittskarakter for graden, for opptak til ph.d.
-…
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).