Sjukepleiar eller vernepleiar til fast stilling på natt ved Kronstad DPS
Listed on 2026-10-02
-
Business
IT Specialist
Kronstad DPS seksjon psykose døgn har ledig 50% fast stilling på natt med arbeid pt. kvar
3. helg.
Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Det er 12 sengeplassar. I behandlargruppa har vi psykiatrar, psykologspesialist, legar i spesialisering og sosionom.
- Psykoedukasjon/undervising
Som tilsett på natt går du saman med ein annan fagperson.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar som trivast på natt. Vi arbeider i team rundt og saman med pasienten, med utgangspunkt i samarbeid i ein seksjon med åpne dører. Er du sjukepleiar eller vernepleiar, trivast med nattarbeid og har engasjement for pasientgruppa håper vi at du vil søker stilling her hos oss.
Søknadsfrist:
Sjukepleiar eller vernepleiar til fast 50% stilling på natt
Kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå pasientgruppa/anna relevant erfaring
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med kompetanse innan møte med aggresjonsproblematikk (MAP)
- Evne til fleksibilitet, og til å kunne bidra til gode løysingar
- Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
- Erfarne og engasjerte kollegaer
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på (Use the "Apply for this Job" box below). eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).