Sjukepleiestudentar som pleieassistent på Gastrokirurgen
Listed on 2026-09-14
-
Nursing
Healthcare Nursing
Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1.
Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet.
Post 1 har 40 senger og ca 69 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt.
Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse.
Pleieassistentar jobbar i team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistenter på posten, samtidig som ein jobbar tverrfagleg med kirurgar, fysioterapeutar og anna personale.
Dette er ein spennande, lærerik, travel og fantastisk avdeling å jobbe på. Som pleieassistent hos oss vil du raskt opparbeide deg eit godt klinisk blikk, jobbe i eit godt arbeidsmiljø og ved nokre anledningar få øve på prosedyrar.
Pleieassistentar jobbar i todelt turnus, men ved ekstravakter kan ein få tilbod om nattevakter.
- Pleie til palliative pasientar
- Pleie til pasientar som kjem inn som øyeblikkeleg hjelp
- Ha relevant pleieerfaring, eller vore hos oss i praksis som sjukepleiarstudent eller i praksis som helsefagarbeidar
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Engasjert
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Sjukepleiefagleg rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på (Use the "Apply for this Job" box below). eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).