×
Register Here to Apply for Jobs or Post Jobs. X

Dekkssjef Vestland – Skift, Operativ Ledelse

Job in Edison, Middlesex County, New Jersey, 08818, USA
Listing for: Fjord1 AS
Full Time position
Listed on 2026-09-27
Job specializations:
  • Outdoor/Nature/Animal Care
    Animal / Pet Care
Salary/Wage Range or Industry Benchmark: 74000 - 105000 USD Yearly USD 74000.00 105000.00 YEAR
Job Description & How to Apply Below
Position: Dekkssjef Vestland – 2/2 Skift, Operativ Ledelse

Dekkssjef i 2:2-turnus! Fjord1 - Maritim Drift

Om stillinga

Vi søker no etter ein dekkssjef som vil vere ein del av vår ressursgruppe for våre samband i region Vestland. I denne stillinga vil du ha fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Som ambulerande dekkssjef vil du bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy.

Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som dekkssjef. I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette.

Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine leiareigenskapar og erfaring. Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøya.

Ønskeleg med oppstart snarest, men dette avtalast nærare.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist 08.10.2026

Arbeidsgivar Fjord1 - Maritim Drift

Stad Bergen

Stillingstittel Dekkssjef i ressursgruppe, region Vestland

Stillingar 1

Heiltid / Deltid Heiltid

Tilsetjingsform Fast

Stillingsprosent 100

Arbeidsoppgåver
  • Leiing av dekksavdeling
  • Vere avløysar for skipsførar
  • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
  • Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
  • Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
  • Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
  • D3-sertifikat.
  • Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
  • ROC/GMDSS-sertifikat.
  • Ferdighetsertifikat medisinsk behandling.
  • Kriser- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseattest.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.

Vi

tilbyr
  • Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
  • Skiftordning: 2 veke på og 2 veker av.
  • 84-timars arbeidsveke.
  • Dekket reiseavstand som overstig 15 km, mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Adresse

Strandkaien, 5013 Bergen, Norge

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

Telefon:

E-post: benedicte.ellingsen

Om arbeidsgivaren

Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!

Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

To View & Apply for jobs on this site that accept applications from your location or country, tap the button below to make a Search.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
 
 
 
Search for further Jobs Here:
(Try combinations for better Results! Or enter less keywords for broader Results)
Location
Increase/decrease your Search Radius (miles)
0
200
Filters
Education Level
Experience Level (years)
Posted in last:
Salary