×
Register Here to Apply for Jobs or Post Jobs. X

Avdelingsleiar Eikelund ungdomssenter

Job in Elizabeth, Union County, New Jersey, 07215, USA
Listing for: Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten)
Full Time position
Listed on 2026-08-08
Job specializations:
  • Energy/Power Generation
    Field/Service Technician
Salary/Wage Range or Industry Benchmark: 73000 - 90000 USD Yearly USD 73000.00 90000.00 YEAR
Job Description & How to Apply Below

Om stillinga og arbeidsstaden

Er du ein engasjert og tydeleg leiar som brenn for å skape reell endring for barn og unge? Ønsker du å vere med å videreutvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod i Bufetat region vest? Då håpar vi du søkjer stillinga som avdelingsleiar hos oss.

Fana og Ytrebygda ungdomssenter vart etablert
1. januar 2026 som ein del av utviklinga av ei ny sentermodell i Bufetat region vest. No søker vi ein avdelingsleiar til ei ny behandlingsavdeling for ungdom mellom 13 og 18 år med alvorleg åtferdsproblematikk. Dette er ei unik moglegheit til å vere med å vidareutvikle eit nytt fagmiljø og bidra inn i eit spennande utviklingsarbeid med mål om å skape meir fleksible, heilskaplege og individuelt tilpassa institusjonstilbod.

Vi søker ein trygg, strukturert og relasjonssterk leiar som skaper resultat gjennom menneska rundt seg. Du har evne til å motivere, samle og utvikle medarbeidarar, og du veit at gode tenester til ungdom blir skapt gjennom tydelege rammer, høg fagleg kvalitet og trygge relasjonar. Du er opptatt av å bygge eit arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og fagleg utvikling, og du står støtt også når kvardagen er krevjande.

Som leiar i Bufetat må du vere grunnleggande opptatt av kva som gir gode og verknadsfulle tenester for barn og unge. Hos oss betyr dette blant anna å arbeide systematisk med medverknad, utviklingsstøtte og endringsarbeid, samtidig som vi samarbeider tett med familie, nettverk og andre hjelpetenester rundt ungdommen.

Avdelinga vil følgje standardisert forløp for behandlingsinstitusjonar. Arbeidet vil vere prega av struktur, relasjonsbygging og tett miljøterapeutisk oppfølging rundt kvar enkelt ungdom.

Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og vidareutvikle ei personalgruppe på om lag 30 tilsette. Du vil få tett støtte og opplæring frå regionen si eiga faglege støtteseksjon, økonomi og HR. Du blir ein del av eininga sitt leiarteam, deltek på regionale leiarsamlingar og får ta del i Bufetat sitt leiarutviklingsprogram.

Dette er ei stilling for deg som ønskjer å vere tett på både fag, menneske og utvikling – og som vil vere med å forme eit behandlingstilbod som kan gjere ein forskjell i ungdommane sine liv.

Arbeidstid er dagtid med fleksitidsordning. Avdelinga vil vere lokalisert på Tveiterås i Fana bydel i Bergen. Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning.

Korleis Oppnå Dette Målet
  • Ta kloke beslutningar i augneblikket, samstundes som du leiar med fagleg tryggheit, etisk bevisstheit og tydeleg deltaking.
  • Vere ein deltakande og tilgjengeleg leiar for dei tilsette.
  • Ivareta fag- og kvalitetsutvikling og dagleg drift av avdelinga.
  • Følge opp internkontroll, økonomi, rekruttering og sikre god ressursutnytting.
  • Bidra aktivt inn i senterets leiarteam.
Kva bakgrunn har du? Må-krav
  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå (fortrinnsvis innan barnevern eller sosialt arbeid).
  • Gode kommunikasjonseigenskapar både munnleg og skriftleg på norsk.
  • Leiarerfaring.
  • God økonomiforståing og røynsle med budsjett- og driftsansvar.
  • Sertifikat for personbil.
Bør Krav
  • Vidareutdanning innan leiing og administrasjon.
  • Kjennskap til barnevernsfeltet og relevant lov- og regelverk.
  • Erfaring med faglig utviklingsarbeid og tverrfaglig samhandling.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
  • Leiarerfaring fra institusjonsdrift eller annen barnevernsrelatert verksemd.
Personlege eigenskapar
  • Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.
  • Ein tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.
  • Evne til å prioritere og handle klokt når uventa hendingar oppstår.
  • Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.
  • Genuin motivasjon for barnevernet generelt og målgruppa spesielt.
  • Personleg eignaheit vert vektlagd.
Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 700  pr. år.
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar ((Use the "Apply for this Job" box below).). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
  • God støtte fra regionale…
To View & Apply for jobs on this site that accept applications from your location or country, tap the button below to make a Search.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
 
 
 
Search for further Jobs Here:
(Try combinations for better Results! Or enter less keywords for broader Results)
Location
Increase/decrease your Search Radius (miles)
0
200
Filters
Education Level
Experience Level (years)
Posted in last:
Salary