×
Register Here to Apply for Jobs or Post Jobs. X

Vernepleiar​/sjukepleiar nattevaktsstilling . kvar helg med langvakter på helg

Job in Hamilton, Atlantic County, New Jersey, USA
Listing for: Helse Stavanger
Full Time position
Listed on 2026-09-12
Job specializations:
  • Nursing
    Healthcare Nursing
Salary/Wage Range or Industry Benchmark: 65000 - 84000 USD Yearly USD 65000.00 84000.00 YEAR
Job Description & How to Apply Below
Position: Vernepleiar/sjukepleiar 70% nattevaktsstilling 4. kvar helg med langvakter på helg

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling Rehabilitering, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt fra Helse Bergen HF og fra Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

Eit

viktig samfunnsoppdrag

Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald.

Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
  • Det er ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern og/eller rusomsorg
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
  • Du behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande
  • Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar
  • Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv
  • Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du etterspør rettleiing
  • Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling
  • Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Les meir på (Use the "Apply for this Job" box below). eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

To View & Apply for jobs on this site that accept applications from your location or country, tap the button below to make a Search.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
 
 
 
Search for further Jobs Here:
(Try combinations for better Results! Or enter less keywords for broader Results)
Location
Increase/decrease your Search Radius (miles)
0
200
Filters
Education Level
Experience Level (years)
Posted in last:
Salary