×
Register Here to Apply for Jobs or Post Jobs. X

Kurskonsulent – Kurs- og konferansesenteret Bikuben

Job in Toms River, Ocean County, New Jersey, 08757, USA
Listing for: Helse Stavanger
Full Time position
Listed on 2026-09-12
Job specializations:
  • IT/Tech
    IT Support, Systems Engineer, Hardware Engineer, IT Specialist
Salary/Wage Range or Industry Benchmark: 56000 - 69000 USD Yearly USD 56000.00 69000.00 YEAR
Job Description & How to Apply Below

Kurs- og konferansesenteret skal bidra til profesjonell og god gjennomføring av kurs, møte, seminarar og konferansar ved Haukeland universitetssjukehus. Bikuben ønsker å vere ein viktig møteplass og arena der dei tilsette møtast på tvers av klinikkar, fagområde og profesjonar.

Vi søker ein allsidig og serviceinnstilt kurskonsulent i 100% fast stilling. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer praktisk tilrettelegging, service, logistikk og teknisk støtte. Vi ser etter deg som trivst med høgt aktivitetsnivå, tar ansvar og likar å bidra til gode opplevingar for både arrangørar og deltakarar.

Søknadsfrist:

Som kurskonsulent vil du vere ein viktig del av den daglege drifta av kurs- og konferansesenteret. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • klargjering og tilrettelegging av lokale til kurs, møte, seminarar og konferansar
  • mottak og oppfølging av arrangørar og deltakarar
  • oppfølging av AV-utstyr, IKT-løysingar og anna teknisk utstyr
  • koordinering og logistikk knytta til arrangement og møteverksemd
  • praktiske oppgåver knytta til kjøkken, servering, rydding og oppvask
  • bidra til at lokale og fellesareal held god standard gjennom heile dagen
  • bidra til gode rutinar og kontinuerleg utvikling av drifta ved senteret
  • andre oppgåver knytta til den daglege drifta
Kvalifikasjonar
  • har relevant utdanning frå vidaregåande skole, fagbrev eller fagskole
  • gjerne har bakgrunn frå hotell- og restaurantfag, kjøkken-/kantinefag, service eller tilsvarande
  • har god digital kompetanse og er trygg på å ta i bruk nye IKT-løysingar og ny teknologi
  • gjerne har erfaring frå kurs- og konferanseverksemd, hotell, servering, kundeservice eller liknande arbeid

Relevant erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.

Personlege eigenskapar
  • er serviceinnstilt, imøtekommande og opptatt av å skape gode opplevingar
  • er løysingsorientert og tar initiativ når noko må løysast
  • er praktisk anlagt og ikkje redd for å ta i eit tak
  • trivst i eit aktivt arbeidsmiljø der arbeidsdagen kan endre seg raskt
  • konsulentstillinga er knytta til Hospitaldrift Matforsyning med eit ønske om samarbeid på tvers av avdelingane

Hos oss er ingen dagar helt like. Du kan starte dagen med å klargjere eit møterom, hjelpe ein arrangør med teknisk utstyr og seinare sørge for at servering, logistikk og lokale fungerer som dei skal. Vi ser derfor etter ein person som både ser kva som må gjerast og bidrar der det er behov.

  • ein variert og aktiv arbeidskvardag i eit moderne kurs- og konferansesenter
  • eit arbeidsmiljø med høgt tempo, samarbeid og stor kontaktflate
  • moglegheit til å bidra til vidare utvikling av kurs- og konferansetilbodet ved Haukeland universitetssjukehus
  • ein arbeidsplass der service, kvalitet og gode deltakaropplevingar står sentralt

Kurs- og konferansesenteret er organisert under Hospitaldrift, ein avdeling i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, med åtte einingar og om lag 750 medarbeidarar. Kurskonsulentstillinga er knytta til Hospitaldrift Matforsyning. Vi har eit breitt samansett fagmiljø som støttar opp under sjukehusets kjerneverksemd.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare
14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

To View & Apply for jobs on this site that accept applications from your location or country, tap the button below to make a Search.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
 
 
 
Search for further Jobs Here:
(Try combinations for better Results! Or enter less keywords for broader Results)
Location
Increase/decrease your Search Radius (miles)
0
200
Filters
Education Level
Experience Level (years)
Posted in last:
Salary