Maskinoffiser - Søknad
Job in
Williamsburg, James City County, Virginia, 23127, USA
Listed on 2026-06-02
Listing for:
Fjord1
Full Time
position Listed on 2026-06-02
Job specializations:
-
Engineering
Job Description & How to Apply Below
Om stillinga
Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!
Er du maskinoffiser og ynskjer jobb på ferge? Gjeld både deg som ønskjer å vikariere og deg som er på leit etter fast arbeid/lengre vikariat. Dersom du er ein aktuell kandidat og vi ikkje har ei ledig stilling akkurat no, vil vi lagre søknaden din og ta kontakt dersom det dukker opp ei passande stilling.
For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
* Kor i landet du ønskjer å jobbe
* Kor ofte du ønskjer å jobbe
* Legg ved kompetanse og kvalifikasjonar i søknaden
Alle søknadar blir behandla fortløpande.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Snarast
Arbeidsgivar:
Fjord1 AS
Stillingstittel:
Maskinoffiser
- Open søknad
Stillingar:
3
Heiltid / Deltid:
Deltid, Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikar, Engasjement, Fast
Stillingsprosent:
0, 50, 100
Webcruiter-:
Sosial deling :
Del på X
Del på Linked In Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
* Vere teknisk leiar om bord og sikre at skipet sitt tekniske utstyr fungerer i samsvar med krav frå klasse og styresmakter
* Utføre vedlikehald av maskineri og tekniske komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem
* Bidra saman med skipsførar til å sikre etterleving av tryggleiksstyringssystemet og ISM-koden
* Sørge for opplæring og utvikling av personell under si leiing
* Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
* Oppdatere og halde vedlike jobbskildringar, vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
* Arkivere og vedlikehalde fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
* Ha oversikt over og rapportere dagleg forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
* Føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
* Planlegge budsjett, følgje opp bestillingar og sikre tilgang til reservedelar og utstyr innanfor ansvarsområdet
* Sikre at stoffkartoteket er oppdatert og tilgjengeleg
* Halde orden og sikre brannførebygging i maskinrom og tekniske område
* Ha kompetanse på energileiing i tråd med gjeldande kompetansebehov
Kven ser vi etter?
For å jobbe som maskinoffiser må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
* Minimum M3-sertifikat
* FSE E-læringskurs
* Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
* Krise- og passasjerhandtering
* Gyldig helseerklæring
* Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Som tilsett i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar.
I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord
1.
Vi ser fram til å sjå søknaden din!
To View & Apply for jobs on this site that accept applications from your location or country, tap the button below to make a Search.
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
(If this job is in fact in your jurisdiction, then you may be using a Proxy or VPN to access this site, and to progress further, you should change your connectivity to another mobile device or PC).
Search for further Jobs Here:
×